torsdag 6. oktober 2011

Den raude tråden i fem ballongar og eit pinnsvin.


For ei tid sidan ba Geir Styve meg om å gje kommentarar boka hans, "Fem ballongar og eit pinnsvin" , og han ba meg om hjelp til å finne den raude tråden. Mitt svar vart dette:
Introduksjonar, det får folk som har vore lenge i gamet, til dømesom ein skriv ekstraordinært klokt, men vanskeleg. Ofte er det fordi det dei skriv fortener å bli satt i ein større samanheng. Eg synest at det Humørbonden skriv fortener å få denne større samanhengen rundt seg, for med den litt større samanhengen er det lett å sjå den raude tråden, for å ikkje snakke om nøstet og ulla han kjem fra. Det er altså ikkje det at Geir ikkje ser den raude tråden. Det er berre det at tråden er overalt, som om han sit inni det garnnøstet av liv og lære som han har bygd seg gjennom ei årrekke.  Slik samanblanding har vore av moten i nokre år, men ettersom fleire og fleire av jobbane våre krever at vi er kreative,  så krever det også at ein ikkje ser arbeidsliv, organisasjonsliv og privatliv som lausrivne einingar utan omsyn til at det overskotet av energi ein treng for å vere kreativ må komme frå ein stad. Så det er eit behov for å samle trådane frå alle delar av livet, og der har Geir gjort nokre val som andre kan lære av. 
Arven frå opplysingstida
Korleis var det at desse skiljene mellom ulike typar liv vart viktig? Eg vil gjerne starte med to innovasjonar frå opplysningstida som har bidratt til at vi har fått den situasjonen vi ser i dag. Det eine er protestantismen og det andre er korridoren.
Protestantismen gjorde oss til meir individ enn vi hadde vore før. Frå at ein var avhengig av både kyrka og familien sin for å komme til himmelen vart religionen flytta inn i oss sjølve. På mange måtar var det fint at brua mellom kvar enkelt og himmelen ikkje var avhengig av skrifting og sakrament og alskens ofringar for å sleppe gjennom skjærsilden. Bibelen kunne no oversettast slik at kvar og ein kunne ta ansvar for sine tilhøve med Gud. Ein slapp å være redd for at resten av familien brakte skam over deg og dine handlingar. Folk som hadde råd til det kunne ikkje lenger kjøpe seg ut av dårleg moral. Det var og frigjerande for dei som ville velge å ikkje tru. Om bestemor di som du er så glad i kan risikere å havne i helvete på grunn av skam som du har påført henne, då vel du å oppføre deg i følgje normar og regler.  Men no var dette bandet kutta, og kvar og ein måtte ta ansvar sjølv for venskapen med Gud.
Eit problem med dette var at ein hadde få eller ingen indikasjonar på kven som var fromme nok til å komme seg til himmelen. Den einaste indikasjonen var om ein hadde suksess i denne  verda. Om ein klarte å karre til seg noko profitt, og legge av pengar (som ikkje trengte gå til kirka), kunne ein være litt sikrare på himmelturen. Dermed var grunnlaget lagt for ein god kombinasjon i å være protestant og kapitalist. Størst muleg profitt viser størst muleg suksess. Dette er kort oppsummert Max Webers konklusjon i boka “Protestantismens etikk  og kapitalismens ånd”, ein klassikar i sosiologisk samanheng.
På den fysiske sida var korridoren ei like stor nyvinning som tente til eit tilsvarande føremål. Før korridoren hadde gjerne kvart hushold berre eitt rom, og på det rommet gikk alt føre seg. Alle sov saman, kjøkkenet var i ein del i det same rommet, soving likeeins gikk føre seg i ein annan del, men i same rommet. Den fysiske oppdelinga i fleire rom gjorde at dei vart delt etter oppgåver, og etter kven som hadde ein plass i dei romma. Industrialisering gjorde at folk reiste heimefrå for å gå på dertil eigna arbeidsplassar, delt i ulike kontorer og fabrikkgolv, medan heime fekk ein skille mellom kjøkken, soverom og stue. Dette var ei kraftig fysisk rettesnor for endringar som gikk føre seg elles i verda, for desse veggane som korridoren brakte med seg representerte etterkvart også veggar i tankane våre om kven vi var og kva for folk og aktivitetar som høyrde til kor.
Vitskapeleg arbeidsdeling
Korridoren og protestantismen var dei viktigste fysiske og andelege byggesteinane i modernismen. På organisasjonssida kom Fredric Taylor med ei tilsvarande nyvinning: Vitskapeleg arbeidsdeling. Ved å studere kva for fysiske grep handverkarar tok kunne ein dele opp desse og sette dei saman slik at kvar og ein gjorde ei oppgave som kunne forklarast enkelt og førast inni skjema –slik kunne ein oppnå ei valdsam effektivisering.  Det med jobbane som hadde med kameratskap, identitet og sjølvrealisering var ikkje så viktig.
Det må seiast, at trivsel og var ein del av den vitskapelege arbeidsdelinga. Når ein såg det at folk produserte mindre av å ikkje trivast på jobben så måtte ein gjere noko. Men ikkje med å gjere jobbane annleis. Nei, dei brakte inn ein ny type ekspertar som skulle hjelpe til med å tilpasse folk til dei jobbane som no hadde vorte ufatteleg kjedelege. Mellom anna skulle folk utstyrast med motivasjon til å sjå meining i dei meiningslause jobbane sine. Jobben kunne gjerast meir attraktiv ved at dei ansatte kunne få frynsegoder, høve til å gje attendemelding om  korleis dei hadde det, eller eit motivasjonsforedrag i ny og ne.
Heilskapen og økologien
Skiljene mellom arbeidsliv og privatliv, andeleg og verdsleg, arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø er praktisk og godt å  tenkje med.  I iveren etter å dele opp livet på praktiske måter kan  utbrendheit og tidsklemme tyde på at det er noko i heilskapen som manglar. Sjølv om alle delane er der, finst det lite instruksjon i korleis ein skal sy saman eit heilt liv der ein får utløp både for eit behov for å bidra og for å være kreativ på fleire arenaer i livet uten at ein skal verte sliten av å prøve på alt.
Bønder lever og har levebrød på samme stad, familien er framste rekrutteringskanal. Skiljene har kan hende ikkje vore like djuptgripande for bønder. Samstundes har kan hende bonden vore utsatt for heilt andre utfordringar enn resten av arbeidsstokken, slik at ein kan ha mykje å lære av å lese humørbonden sine refleksjonar.
 Geir startar med å gje ei samfunnsøkonomisk skildring av trivsel. Han har nemleg vore del av dette arbeidslivet som er så lite tilpassa folk at det aldri tenkjer på heilskapen, og så har han gått attende til ein institusjon som moderniseringa gløymde delar av.
Eg trur at Humørbonden Geir Styve har høve til å skrive  som han gjer avdi han ikkje lenger følgjer modernismens klamme skille mellom liv og lære. I ei slik framstilling står ikkje inntening og innovasjon i motsetnad til solidaritet og likebehandling, slik det gjerne kan framstå når offentleg tilsette SV-velgarar møter FRP-stemmande fiskarar og oljearbeidarar.
Den raude tråden finn vi gjennom  dei humørbondologiske lovane og ei gjennomstrømmande heilskapstenking der alle kapitla har det same tema: korleis bygger ein det gode livet uansett kor det er, med Geir sine eksempel frå korleis han har gjort det på Hjelmåsen.
Dette trykte Geir som introduksjon i boka si, på side 29. Vil du lese boka, kan du kjøpe ho her: http://www.humorbonden.no/
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...